Joseph Beuys 1975. ©Foto Caroline Tisdall.

Livet er ikkje ein annan stad – om å vera til stades i eige liv

Refleksjoner inspirert av Joseph Beuys – 100 år

AV OLA AUKRUST. Foto: beuys2021.de

EIN BONDESTUDENT MØTER BEUYS 

I 1984-1985 studerte eg naturvitenskap eit år ved Goetheanum i Sveits. Sentralt i studiet var å øve seg i å sjå, sanse, ta innover seg fenomena som dei er. Ikkje slik ein forestiller seg at verda er eller burde vera. Goetheanum ligg ein liten trikketur eller sykkeltur utanfor Basel, så for å få litt avstand til livet på «Goetheanum-haugen» kunne Basel by på ei kjærkomen avveksling og distanse. 

Basel har sidan mellomalderen vore ein fristad i hjørnet mellom Sveits, Tyskland og Frankrike, for ukonvensjonelle individ, ein Erasmus frå Rotterdam eller Paracelsus, og open for nye straumdrag i kunst og filosofi. Det fins gode museum, både for gamal og ny kunst. Ved sida av dei gamle meisterar møtte eg her ei forunderleg verd av keltisk mytologi, sjamanisme, sjukehussenger, raude og grøne kors, flasker og krukker, ein sensibel strek, feitt og filt, ei stille verd i jordfarger og naturmaterialer, av politiske provokasjonar; Joseph Beuys. 

Ikkje umiddelbart lett å «forstå», men den intellektuelle «forståing» er heller ikkje det viktige, ikkje når det gjeld verka i naturen, og ikkje når det gjeld det vi kallar «kunstverk». Ei interesse og nysgjerrigheit var vekt. Etter kvart var eg med på ulike seminar og symposium arrangert av miljøet rundt Beuys. Beuys var aksjonskunstnar, mange opptak frå ulike aksjonar er tilgjengelege. Eg såg latteren og alvoret, utstrålinga. Ein døropnar var Volker Harlan (prest i kristensamfunnet – eg besøkte han nokre år seinare for å lage eit intervju som Herba-redaktør) sine «Verkstadsamtaler» med Beuys, som fylgjande passasje er henta frå: «Om eg arbeider i hagen, om eg pratar med andre menneske, om eg er ute i trafikken, om eg les ei bok, om eg underviser – det er det same kva slags arbeid eller gjeremål eg skal utføre. Eg må alltid vera til stades, dvs. eg må alltid ha eit overblikk over samspelet av krefter. Det vil seie at eg alltid må planlegge, førebu meg. Så når det dreier seg om ei spesiell kunstnerisk handling, at eg skal skape eit vakkert rom, dekke eit bord eller kanskje male eit bilete, lage noko arkitektonisk, – da har eg kreftene nærverande.» 

Dette har sidan fylgd meg i kvardagen.

KVA ER KUNST? 

Med dette sprenger Joseph Buys vår tillærte forestilling om kva som er kunst. Kunstens vesen er knytt til vårt kreative potensiale, til det som gjer oss til menneske, som gjer oss til «jordiske gudar»: Vår evne til å vera nyskapande, til å vera kreative. Dette er ikkje knytt til ei privilegert gruppe menneske som kan kalle seg kunstnarar, difor er Beuys sitt mest berømte slagord: «Kvart menneske er ein kunstnar!» («Jeder Mensch ein Künstler.») Med dette meiner han særleg innanfor det sosiale livet, i våre store og små samanhengar. 

Bakgrunnen ligg i Beuys si oppleving av kunstens fallit for å unngå «Den europeiske katastrofen»: Dei to verdskrigar. Difor ser Beuys kunsten si oppgåve langt meir fundamental for framtida enn stivpynta klientell på pianokonsertar eller sprettande champagnekorker på utstillingsopningar.

Beplantet gate Kassel – del av verket «7000 eiketrær». Foto: Sissel Jenseth.

KUNST OG POLITIKK 

Spranget er ikkje langt over til det vi kallar politikk. Beuys var med å stifte «Freie Internationale Universität», eit forum for forsking på tvers av vante kategoriar og disiplinar, – der også kunst skulle vera ein integrert del. Mot slutten av 70-talet utvikla det seg eit samarbeid mellom ulike grupperingar: Atomkraftmotstandarar, fredsaktivistar, miljøvernformkjemparar, eit fargerikt fellesskap som skulle bli ei politisk kraft i Europa. Ved Europavalet i 1979 var Beuys av dei viktigaste listekandidatane, og 13. januar 1980 vart partiet «De grønne» formelt stifta. Dette er utan tvil «urpartiet» og førebilete for vidare danning av grøne parti rundt omkring i Europa. 

Documenta i Kassel er ein av verdas viktigaste arenaer for moderne kunst. Ved Documenta i 1982 var Beuys delaktig med verket «7000 eiketrær». Frå oppstarten skulle det bli planta 7000 trær rundt omkring i byen Kassel, med ein basaltstein ståande ved sida av. Kunst? Økologi? Installasjon? Performance? Politikk? Ja – og i fyrste rekke: Sosial kunst! 

Joseph Beuys med studenter 1967-68. Foto Ute-Klophaus, Siemens Kunststiftung

METAMORFOSER. OM BEUYS OG STEINER 

Joseph Beuys møtte lite forståing i det antroposofiske miljø i si levetid. Han passa ikkje inn i etablerte skjema og forestillingar om kva «antroposofisk kunst» skulle vera. Ingen akvarellar som såg ut som dei var dyppa i badekaret. 

Beuys hadde huset fullt av Steiner sine bøker, grundig lest med mange notatar og understrekingar. Han fortel om ei oppleving i barndomen, «der han får i oppdrag av Rudolf Steiner, litt etter litt å fjerne folks framandgjering og mistillit overfor det spirituelle». (Brevveksling med Manfred Schradi) 

Det er kunsthistorisk godt dokumentert at Rudolf Steiner var av vegvisarane inn i ei ny tid, ein banebrytar for oppbruddet frå tradisjonalismen til den abstrakte og moderne kunst, ei inspirasjonskjelde for målarar som Kandinsky, Klee, Mondrian. Rudolf Steiner var ein avantgardist. Eit tydeleg bilete på det er spranget frå det fyrste Goetheanum, eit slags klassisk tempel på haugen utanfor Basel som brann ned før det var ferdigbygd, til eksisterande bygg i plastisk betong som reiste seg frå asken, med jugendstilpreg, på grensa av datidas tekniske moglegheiter… 

TEORI U, «PRESENSING» 

Claus Otto Scharmer voks opp på ein av dei større, eldre og veldrevne bio-dynamiske gardane nord for Hamburg. I sin oppvekst var han nok ikkje av dei som var mest til hjelp i gardsarbeidet … I ungdomen var han ein del av det aktive miljøet rundt Beuys. Etter studier ved renommerte universitet i USA, har han utvikla sin «Teori U». I seinare år blir han henta inn frå dei største firma når dei strevar og treng fornying. 

«Teori U» er måtar å opne opp tanke, følelse og vilje. Det er metoder for å koma bort ifrå etablerte, rotfesta, inngrodde forestillingar, reaksjonsmønstre, følelsesskjema. Det er vegar for fornying og kreativitet, – også på det kvardagslege planet. 

Den tsjekkiske forfattaren Milan Kundera skreiv ein roman med tittelen: «Livet er et annet sted». Dette utsagnet er aktuelt i ei tid der livet lever seg ut via skjermer. Det er eit tap av å vera til stades, å sanse, å drøyme, av fascinasjonen for det ein, som Askeladden, møter på vegen. I omgrepet «presensing» ligg ein streben etter fullstendig å vera til stades som sansande, følande og tenkjande subjekt. Det er å ta attende sitt eige liv. 

Humor, del av Menneskehetsrepresentantskulpturen i Goetheanum.

OM ALVOR OG HUMOR 

Når ein ser samtaler, intervju, aksjonar med Joseph Beuys, er den store latteren påfallande. Men like under overflaten ligg det store alvoret. «Det er døden som held meg vaken», er eit kjent sitat av Beuys. Det er ei «dødsbevisstheit», som hos Jens Bjørneboe. 

Smilet gjer oss menneskelege, i medvit over kor feilbarlege og sårbare vi er. Ein avstand til vårt eige gravalvor og vår eigen snusfornuft. I arbeidet på garden i Lom, seier eg ofte: «Vi må ta tre steg attende for å få litt avstand», om det er å setja opp eit tregjerde eller plante basilikum i rader. Dette er også eit bilete for livet elles: Av og til må vi ta desse stega til sides for å sjå tydeleg kva vi er i ferd med å gjera. Kall det sjølvrefleksjon, sjølverkjenning. Smilet og latteren er eit av dei viktigaste hjelpemiddel. Difor er også «verdenshumoren» med oppe i venstre hjørnet på Steiner si «altertavle» for det fyrste Goetheanum. 

«TA VARE PÅ FLAMMEN!» 

Beuys var heile livet prega av krigsskadene han fekk, særleg etter ein flystyrt på Krim mot slutten av krigen. 

12. januar 1986 mottok Joseph Beuys Wilhelm-Lehbruck-prisen i byen Duisburg. Han heldt da ei takketale ved mottakinga av prisen. Dette skulle bli hans siste offentlege opptreden. Wilhelm Lehmbruck var tysk skulptør og ei viktig inspirasjonskjelde for Beuys. Lehnbruck tok livet sitt etter fyrste verdskrig. I talen er det ein djupt alvorleg og prega Joseph Beuys som talar, talen får ein testamentliknande karakter. Han viser til Rudolf Steiner sitt opprop til «Den tyske kulturverd» etter at barbariet i 1919 endeleg er til endes. Lehnbruck var ein av underskrivarane – rett før han tok livet sitt. 

Beuys avsluttar talen med ein djupt gripande dikt frå 1700-talet med tittelen «Ta vare på flammen». For tar vi ikkje vare på flammen, flammen om den udødelege menneskesjel og vårt store menneskelege potensiale, vår kreativitet og vårt ansvar – da sloknar lett flammen i vinden, og hjartet må breste. 

Joseph Beuys forlot denne verda 23. februar 1986, 11 dagar seinare. I ei tid der det, som alltid, er mange som slit med å finne mål og meining i liv og død, står dette som ei siste oppfordring frå Beuys: «Beskytt flammen!»

LITTERATUR FOR INSPIRASJON

C. Otto Scharmer: Teori U. Antropos, 2011

Volker Harlan: «Was ist Kunst?» Werkstattgespräch mit Beuys. Urachhaus, nytt opplag 2021
Rainer Rappmann, Volker Harlan, Peter Schata: Soziale Plastik – Materialien zu Joseph Beuys. Achberger Verlag, 1984
Rainer Rappmann, Joseph Beuys, Bernhard Blume: Gespräche über Bäume. FIU-Verlag, Wangen 2006
Christiane Haid, Walter Kugler: Beuys im Goetheanum, Verlag am Geotheanum, 2021

Det fins utallige opptak av Beuys på internett, frå aksjonar, intervju, søk til dels etter:

  • Die Lehnbruck-Rede
  • Frühstücksgespräch (1985)
  • Über Inkarnation und die menschliche Seele

Ola Aukrust er biodynamisk bonde som driv Aukrust gard og urteri i Lom. Artikkelen har stått i Mennesket 2021